OLA STAVSENG

SKULPTØREN OLA STAVSENG HAR SI KUNSTUTDANNING FRÅ NORGE, SVERIGE OG ITALIA, DER HAN BUDDE OG ARBEIDDE I PERIODANE 1976 – 1980 OG 1983 -1993. SIDAN HAR HAN VORE BUSETT I HEIMYGDA STORDAL PÅ SUNNMØRE.

DEI FØRSTE STUDIEÅRA GJEKK I STOR GRAD MED TIL Å ORIENTERE SEG INNAN ULIKE MODERNISTISKE FORMSPRÅK ETTER SOM DESSE KOM TIL Å PREGE SAMTIDSKUNSTEN.
VED MANGE ÅRS OPPHALD I ROMA OG TOSCANA VART HAN GODT KJEND MED GRESK OG ITALIENSK BILLEDKUNST,IKKJE MINST VED FLITTIGE  BESØK I KIRKER OG KUNSTMUSEUM.
HER KUNNE HAN M.A. STUDERE PÅ NÆRT HALD STORE KUNSTVERK FRÅ
ITALIENSK RENESSANSE, MESTERVERK AV T.D. MICHELANGELO OG DONATELLO.

LIKESÅ FEKK HAN TATT TIL SEG AV KUNNSKAP OG INNSKT I HANDVERK OG TEKNIKK I DET STERKE FAGMILJØET SOM EIN ENNO FINN M.A. I BRONSTESTØYPERI OG MARMORSTUDIO I CARRARA OG PIETRASANTA , BYAR I VERSILIA, NÆR FIRENZE.

ETTER TO ÅR VED SCUOLA DEL MARMO I CARRARA, GAV EIT VIDARE OPPHALD I DET STERKE FAGMILJØET HER OG I PIETRASANTA OGSÅ STORT UTBYTTE. I BRONSESTØYPERIET TOMMASI  FEKK HAN SVÆRT NYTTIG PRAKSIS TAKKA VERE STOR VELVILJE FRÅ STØYPEMEISTER MASSIMO DEL  CHIARO. ARBEID VED STØYPERI SOM VERSILIESE  OG MARIANI GAV OGSÅ RIK ERFARING. I VERKSTADEN TIL M. A. JACOPO OG RICARDO GIANNONI. FEKK HAN VERDIFULL FORSTÅING FOR UTFØRING AV SKULPTUR I MARMOR.

OLA STAVSENG ARBEIDER I EIT KLASSISK FIGURATIVT FORMSPRÅK, I TRADISJONELLE MATERIAL SOM LEIRE, GIPS, TRE, TERRACOTTA, BRONSE, GRANITT OG MARMOR.
I YRKET SOM BILLEDKUNSTNAR ER HAN PLASSERT BÅDE I TRADISJONEN AV INTERNASJONAL EUROPEISK - OG NORSK KUNST.

SIDAN 1974 HAR HAN OGSÅ I PERIODAR GITT UNDERVISNING INNAN KUNSTFAG SOM SKULPTUR OG TEGNING PÅ ULIKE NIVÅ: KUNSTHØGSKOLE,
KUNSTFAGSKOLE OG UNGDOMSSKOLE.

OLA STAVSENG UTFØRER UTSMYKKINGSOPPDRAG, MINNESMERKE, PORTRETT OG FRIE ARBEID, UTFØRT SOM RUNDSKULPTUR ELLER RELIEFF.
FRÅ 1970 HAR ARBEIDA HANS BLITT PRESENTERT I UTSTILLINGAR I INN-OG UTLAND OG INNKJØPT TIL ULIKE PRIVATE OG OFFENTLEGE KUNSTSAMLINGAR I NORGE OG ANDRE LAND.

 

 

   
 
   
 

HOVSSTRANDA, 6250 STORDAL, NORGE, TLF:  + 47  70 27 80 32 / 909 38 458, FAX:  + 47 70 27 85 43, E-MAIL: OLSTAVSE@ONLINE.NO
WEB:  WWW.OLA STAVSENG.NO, WWW.OLA STAVSENG.COM